Tiøringen

Det her er ein liten song om det å vera nære
Og kjenne ord som du og eg og elsk og ømt og kjære
Og leva i eit sorglaust hav og berre vera to
Og vegen fram ja den gløymer du du er ved målet no

Og politikken utanlands er borte som ei sviske
Og alle måla for deg sjølv dei er du ved å miste
For det du viar tanken på er støre av format
Det er om ho vil legge sine armar om deg snart

Og seia

So ro du vesle guten min
Så skal du få meir enn du fekk for tiøringen din for tiøringen din
So ro du vesle guten min
Så skal du få meir enn du fekk for tiøringen din for tiøringen din
So ro du vesle gut i morgon har me fri

Og når så so ro er ferdig då blir alle ord for små
Og alle fraser havnar i det patetiske blå
Men jenta ho skyna kva det gjalt

Så syng ho

Det her var ein liten song om det å vera nære
Og dela sama mjølkeglas og saman vera sære
Og båe gløyme tanken på om morgonen blir god
Og heller la oss leva på kor godt me har det no

Canzoni più popolari di Odd Nordstoga

Altri artisti di Hardcore metal