Fatig ferdamann

Odd Nordstoga

Kan du tru på ei styrande hand
Som leier deg over og set deg i land
Til himmelske hagar og englesong
Trur du det du, at det hender ein gong?
Vel, eg trur på lauvet, på gras og på blom
Som tøyer seg ut mot det store rom
Og alltid vil snu seg dit sola står
Så er den vel slik òg, den vegen eg går
Kan du tru at ein stein glei ifrå
Og opp frå ei grav fekk han levande gå?
Ja, evig fine er salmenes song
Men kan du tru det, at det hende ein gong?
Vel, eg trur på dagen som kjem etter natt
Eg trur etter gråten så kjem der lått
Og eg ser vel at vinter blir vekt til vår
Så er det vel slik òg, på den vegen me går
Men, trur du at det kjem ein og dømer oss ein dag
Og at det blir eit vinnar- og eit taparlag
Og at nokon dei får gå inn gjennom himmelporten trong
Trur du det du, at det hender ein gong?
Vel, eg har kjent på godt og eg har kjent på vondt
Eg har sett i hop med kjærleik og slege sundt
Eg har gjenge grøne enger, eg har trødd i skår
Eg trur dei dømer etterkvart her, på den vegen eg går
Men, eg er ein fatig ferdamann og eg har ingen svar
Kom, set deg ned, så kviler me med sola glar
Sjå! Ein lysande krans over myrkret rår
Så er det vel slik òg, på den vegen me går

Curiosità sulla canzone Fatig ferdamann di Odd Nordstoga

Quando è stata rilasciata la canzone “Fatig ferdamann” di Odd Nordstoga?
La canzone Fatig ferdamann è stata rilasciata nel 2020, nell’album “Fatig ferdamann”.

Canzoni più popolari di Odd Nordstoga

Altri artisti di Hardcore metal