Fint og beint

Eg vil ikkje ver' i fare eg vil ikkje vera kald
Og eg vil vera sikker på å kom' fram der som me skal
Eg vil ikkje bli for våt og eg vil ikkje bli i beit
Så eg må alltid vita det at du er den som veit eg

Eg vil ikkje vera fyrst eg vil ikkje vera sist
Og eg toler 'kje kom' heim att og det er noko eg har mist
Eg vil ikkje gå å leite det må ver' funne det eg finn
Og eg vil alltid vera blant dei fyrste te gå inn eg

Kor har alle roser reist
Premien som eg såg koma
Eg gjekk vegen utan feil
Fint og beint
Fint og beint eg fylgde låma

Eg vil ikkje ver' i fokus eg vil ikkje velje fyrst
Eg vil drikke mine glas med nokon enno meire tyrst
Eg vil ikkje meine meir enn at det funkar om eg snur
Og eg vil alltid tru på det dei fleste andre trur eg

Eg vil ikkje ver' i fare eg vil ikkje vera kald
Og eg vil vera sikker på å kom' heim att når eg skal
Du har sett det hundre gonger alt det eg vil sjå
Du kan banne på 'n er vara den vegen eg skal gå

Kor har alle roser reist
Premien som eg såg koma
Eg gjekk vegen utan feil
Fint og beint
Fint og beint eg fylgde låma

Kor blei alle vener av
Og den lukka eg blei lova
Eg gjor' aldri noko skeivt
Men fint og beint
Og no får eg ikkje sova

Curiosità sulla canzone Fint og beint di Odd Nordstoga

Quando è stata rilasciata la canzone “Fint og beint” di Odd Nordstoga?
La canzone Fint og beint è stata rilasciata nel 2022, nell’album “Inn i skogen”.

Canzoni più popolari di Odd Nordstoga

Altri artisti di Hardcore metal