I går

Odd Nordstoga

Ser rundt meg på dei ørsmå ting
Det varme vatnet ifrå kjøkenspring
Ein omn som lyser for at den er på
Ein buss i gata som er ved å gå
På butikken er det fullt av mat
Importerte eple og grøn salat
Eg tenkte ikkje på det der i går
Eg tenkte ikkje på det

I går så var det eigne draumar
Og eigne hjartesår
Og snart så var det vår
I går så var det småting som var stort på TV'n vår
No trur eg alle vel forstår
At det der det var i går

På radioen er det ein ting i
For no har det kome ei heilt ny tid
Som kallar fram eit velkjend mareritt
Som gjekk igjen på guteromet mitt:
Inn ifrå aust ut av ei grå tung sky
Skar rett imot to svarte jagarfly
Eg tenkte ikkje på det der i går
Eg tenkte ikkje på det

I går så var det eigne draumar
Og eigne hjartesår
Og snart så var det vår
I går så var det småting som var stort på TV'n vår
No trur eg alle vel forstår
At det der det var i går

I går så var det eigne draumar
Og små små hjartesår
Og snart så var det vår
I går så var det småting som var stort på TV'n vår
No trur eg alle vel forstår
At det der det var i går

Curiosità sulla canzone I går di Odd Nordstoga

Quando è stata rilasciata la canzone “I går” di Odd Nordstoga?
La canzone I går è stata rilasciata nel 2022, nell’album “Inn i skogen”.

Canzoni più popolari di Odd Nordstoga

Altri artisti di Hardcore metal