Fuggel I Karmen

Nokon er bundne av gamle postulat
Om at alt skal vera vanskeleg å få på eit fat
Det er eg og
Nokon ser jæklar bak kvar ei gåve
Og planlagt sjølvelsk bak kvart eit ord
Det gjer eg og
Og ondskapen rår i det meste
Og flaks er eit ord ute av bruk
Og meininga er alltid den verste
Og når du ser sjansen så er han på veg ut

Men så stod der ein fuggel i karmen
Og han nappa i fjører og sa
Du er glad når eg syng litt sa fuglen
Og jaggu var det akkurat det eg var

Nokon er bundne av gamle visur
Om at ingenting kan dei og ingenting dei er
Det er eg og
Nokon er løynde bak eit skjold av angst
Og mæler om andre og deira inkompetanse
Det gjer eg og

Men når dei sjølve skal stå fram bak skjoldet
Og gjera noko frampå sjølve
Ja då nektar dei og vil ikkje kan ikkje og vil ikkje
Men kjenner kven dei eigentleg er

Men så stod der ein fuggel i karmen
Og han nappa i fjører og sa
Eg er god til å synge sa fuglen
Og jaggu var det akkurat det han var

Å tru verst om alle hell å ikkje tru seg til
Det er vondt om det hadde vore så gale
Men å skjule forventing og skjule det du kan
For å tekkas den almenne malen
Då bryt ingen ut og alt blir som før
Og gamalt blir alltid best

Men så stod der ei jente i larmen
På gata forkledd som ein fugl
Og ho sa
Eg er ei jente i forklenning
Men ingen høyrde det den vesle jenta sa
Så ingen såg kva den vesle fuglen var

Curiosità sulla canzone Fuggel I Karmen di Odd Nordstoga

Quando è stata rilasciata la canzone “Fuggel I Karmen” di Odd Nordstoga?
La canzone Fuggel I Karmen è stata rilasciata nel 2000, nell’album “Something Odd”.

Canzoni più popolari di Odd Nordstoga

Altri artisti di Hardcore metal