Ei Eldkule

Under blusa var ho aleine
Det var ingen avtrykk der på
Over blusa var eit andlet
Eit andlet som ingen hadde kjent på
I lag med andre var ho fanga av utkantens ro der ho sat
Blant folk og leven var ho
Utanfor ytring og utanfor svar

Men innom augo var ei eldkule
Der var ei eldkule som ikkje var funnen

Så kom kvelden då ho vart funnen
Av ein gut som såg ho som ho var
Han kom imot ho
Han kom imot no
Ho kraup ihop og kjende at ho skalv
Ho såg på klokka det var fire minuttar til fyrste bussen heim att
Skoene på ned trappa og ut på vegen
Ho redda seg denne gongen og

Så heim gjekk jenta med eit savn
Og att stod guten med ein favn
Men ingen kom seg til og kanskje like greit var det
Så braut ho ingen barrierer ned
Og ingen hadde sett kor ho leid for det

Curiosità sulla canzone Ei Eldkule di Odd Nordstoga

Quando è stata rilasciata la canzone “Ei Eldkule” di Odd Nordstoga?
La canzone Ei Eldkule è stata rilasciata nel 2000, nell’album “Something Odd”.

Canzoni più popolari di Odd Nordstoga

Altri artisti di Hardcore metal