Gud og Fader
Olav Mosdøl, Gunstein Draugedalen
Gud og Fader lat meg kvile
så i morgon eg kan smile,
hald mi hand om natta, du.
Når eg går i draumedaler,
vis meg veg til himmelsalar
over høge stjernebru.
Gud og Fader lat min tanke
i dei vene rom få vanke,
kvil min fot om natta, du.
Smil til alle mine kjære,
så dei alltid deg kan ære
med den ljose himmeltru.
Gud og Fader lat meg sova
under englevakt i stova,
ver mi sol om natta, du.
Når så siste dagen dalar,
lyft meg opp i dine salar
lei meg over stjernebru.