For fattige og for rike
Olav Mosdøl, Gunstein Draugedalen
Eg syner deg kje
bondens gull og skogar
men minnest Høye Porsmyr
ung og sprek.
Han sprang frå hesten
til den rike Anders
og miste husmannsplass
som løn for strev.
- Men soli skine på Honlinuten
for fattige og for rike.
Eg syner deg kje
kjøt i svære stabbur
men målar Sigrid Kleivstaul
trøytt og sår.
Ho baka borkebrød
i vinterkvelden
og bad at borni
laut få betre kår.
- Men orren spelar i Hovstaulåsen
for fattige og for rike.
Eg syner deg kje
korn og vide åkrar
men stegar Heivassmyr
som småfolk slo.
Dei køyrde slepor
atti Brakandalen
der kar og hest
seg ofte sleit til blods.
- Men torhjelm blømer i Kviteseidlian
for fattige og for rike.