Kom Fader vår

Olav Mosdøl, Gunstein Draugedalen

Kom Fader vår
ver morgonen sitt auga
som faldar ljoset ut til ein bukett.
Sekund stig opp or nattas skjøre vase
og sildrar stilt frå himlens blå palett.

Me bryt eit brød
i lyse morgonstunder
når Herren opnar stilt sitt fargeskrin.
Vårt brød på bordet skaper fryd og glede
og gjev ei kraft til heile dagen min.

Me dukar bord
for alle kjære vener
når me skal plante fellesskapets blom.
Den gylne drikk av Andens søte druer
gjer smaken til ein song i hjarterom.

Du livsens ord
er brødet som me deler
på denne vandring under jordlivs kår.
Takk Herre Krist for omsorg og den føde
som nærer tru igjennom alle år.

Canzoni più popolari di Gunstein Draugedalen

Altri artisti di CCM (Contemporary Christian Music)