Ormen Lange

Vilja de høyra kvedet mitt
Og vilja de ordi tru
Om han Olav Tryggvason
Skal songen her seg snu
Dansen glymer i halli
Så dansa me då i ring
Glade rida Noregs menn til hildarting
Kongen han let seg ei snekkje byggja
Bort på den slette sand
Ormen den lange det største skipet
Som bygdes i Noregs land
Dansen glymer i halli
Så dansa me då i ring
Glade rida Noregs menn til hildarting
Skipet det bygdes i Noregs land
Ut av dei beste emnom
Sytti alner og fire til
Var kjølen imellom stemnom
Dansen glymer i halli
Så dansa me då i ring
Glade rida Noregs menn til hildarting
Kongen han ut i høgsetet sit
Talar til sine drenger
No skal me sigla den salte sjo
Det heve eg tenkt så lenge
Dansen glymer i halli
Så dansa me då i ring
Glade rida Noregs menn til hildarting
Bere no då dei herkledi fram
Med brynjor og blanke sverdi
Så leggja me sidan frå landet ut
Så gjeva me oss på ferdi
Dansen glymer i halli
Så dansa me då i ring
Glade rida Noregs menn til hildarting
Vundo dei opp sine silkesegel
Vinden å taka i fanget
Og så er det sagt at kongen sjølv
Han styrde Ormen den lange
Dansen glymer i halli
Så dansa me då i ring
Glade rida Noregs menn til hildarting

Canzoni più popolari di Alf Cranner

Altri artisti di Middle of the Road (MOR)