Ni
Einar Selvik
Keivhendt,
slo eg naudeld ny
I ni slag lauv
I ni slag staur
I knoklar ni
Tok skire eldfjom
frå skogar ni
Vert heil i hud
Heil i ham
I heilbrigdi står
Torsdagar tri,
naudrett eg snur
Ni gonger ni
Kring min stav
For å skilje og sjå
Keivhendt,
hausta meg ni slag lauv
Søydar i vatn
frå åi den ålar seg
nord og ned
Keivhendt,
legg oska i fotefar
Fylgjer rangt
Vislar deg heim
Ham til hug
Heim til hug
Or vilsa dreg
Tri gongar tri
Rangsoles vrir
Tri gongar tri