Oles vise

Så nøre eg atter ein nying
I skyggen av Akershus
Ein tanke før sol e eg våken
Og lunke litt grut i mitt krus
Mitt bål e den førsta lampå
Som gløde i søvnens by
Men over meg svulme ein himmel
Alt svanger med kommande gry

Se skipenes strenge skyggar
Snart står de i klar profil
Med baugar som glefse mot fjorden
Og hungre mot salte mil
Hørr, fuglane våkne i muren
Der fløy alt de første vekk
Ja, stakkars de må vel på arbeid
Som gutta på Akers mek
Som dei har eg slitt så det kjentes
Og nappa dun av mitt bryst
Men nå har eg blitt så gammal
Og leve som Ole har lysst
Sitt stilt og skrem ikkje småfuglen
De pleie å komma her nå
De vett eg har brød i lommå
Og vett at de pleie å få

Og brødet det fekk eg av Hansen
Ein ærlig stavangermann
Som stjele litt snadder i bysså
Og gir meg sånn dann og vann
Ellers så plukke eg blomster
Og pynte på Gullfiskens bord
Iblandt vanke salt kjøtt og erter
Iblandt vanke venlige ord

Og fange eg ål under bryggå
Då selle eg ålen te Nils
Og sette meg høgt opp på vollen
I fred for å nyta min pils
Der flamme blomster i graset
Og der syns eg verden e god
Især når eg kan kjenna våren
Igjønå kvert hål i min sko
Men nå har visst byen blitt våken
Se kranane strekke hals
Snart myldre alt folket mot lyset
Og kverdagens vettlause vals
Då søke Ole te skyggen
Av parkens barmhjertige tre
Konstabelen riste på håve
Men lar meg få bli der eg e

Farvel, eg må børsta av jakkå
Og gnukka litt lort av min hud
For eg e ein svært gammal herre
Og rein vil eg møta min gud

Curiosità sulla canzone Oles vise di Vamp

Quando è stata rilasciata la canzone “Oles vise” di Vamp?
La canzone Oles vise è stata rilasciata nel 2012, nell’album “Liten fuggel”.

Canzoni più popolari di Vamp

Altri artisti di Alternative rock