Den dag kjem aldri

Aasmund O. Vinje, Tone Romtveit

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar,
eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg følgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d)er du som kjem inn til meg, eg tykkjer
eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d)er du som gjeng der og tuslar
når somt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d)er deg eg ser, deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.

Canzoni più popolari di Solveig Slettahjell

Altri artisti di Jazz pop