Vink
Eg har sett deg der du går
Eg har nok sett kva du les på
Så India India er det dit du vil dra
Lilja Lilja er det ho du vil ha
Men ser du ikkje meg då
Eg står no her å ser på
Gjev meg eit glimt
Gjev meg eit vink
Gjev meg eit smil ein dag
Å gjev meg eit vink no snart
Og eg venta med vilje her
Eg veit då vel det er hit du kjem
Når ingen ingen ventar på deg
Og alle alle har reist sin veg
Då står eg her og ser på
Og ser du ikkje meg då
Gjev meg eit glimt
Gjev meg eit vink
Gjev meg eit smil ein dag
Å gjev meg eit vink no snart
Men eg gjev meg ikkje eg
Du skal nok sjå min veg ein dag
Om vinden vinden berre vil snu
Så trur eg kanskje akkurat du
Vil smile litt å ta mi hånd
Sei Ingebjørg så fint du kom
Gjev meg eit vink
Gjev meg eit glimt
Gjev meg eit smil ein dag
Å gjev meg eit vink no snart
Ja gjev meg eit vink ein dag