Legg meg i grav med gitaren på
Sjå meg der i den ville vest
Med revolver er eg best
Ingen tør å yppe seg
Desperadoar fer sin veg
Grav meg ned når eg må gå
Med støvlar på
Sjå meg no på ein elvebåt
På Mississippi, høyr fløytas låt
Eg har gode kort på hand
Eg er rik når eg går i land
Du finn mine bein på siste mil
Med eit smil
Men eg er ingen cowboy
Eller elvebåtmann
Eg er'kje rik, eg snakkar slik
Som ein gitarmann
Sjå meg så på scena det
Ein siste jobb no før eg fer
Ingen veit når slaget fell
Kanskje i morgon, kanskje i kveld
Når eg er reist,
la ein einsam song få gå
Og legg meg i grav
med gitaren på
Sjå meg oppi salen no
Solnedgangen er ei glo
Båten med sitt store hjul
Og fløyta med sitt såre ul
Når eg er borte syng
eg fra det blå
Om du legg meg i grav
med gitaren på
Når eg er borte syng
eg fra det blå
Om du legg meg i grav
med gitaren på