Aske og bein
Kjenn's som eg tørkar ut og visnar,
men alt eg vil er å ver’ med deg –
å få ver’ med deg!
I motgang fekk du meg opp igjen.
No er eg her nede utan deg.
Ingen til å hjelpe meg.
Alle er så himla fine med deg.
Alle er så himla fine med deg.
Eg er her aleine eg.
Vis du ein veg for meg.
Alle er så himla fine med deg.
Eg var ein gong òg fin med deg.
Me to stod og brann og skein.
Så blei alt aske og bein.
Aske og bein.
Alt blei aske og bein.
Aske og bein.
Du sådde roser, du, i hjarta,
då du sa eg var din beste skatt,
og du kyssa meg god natt.
Men no: Stikke med ein dolk og vri,
er det som du får til med bringa mi
når du går meg rett forbi.
Alle er så himla fine med deg.
Alle er så himla fine med deg.
Eg er her aleine eg.
Vis du ein veg for meg.
Alle er så himla fine med deg.
Eg var ein gong òg fin med deg.
Me to stod og brann og skein.
Så blei alt aske og bein.
Aske og bein.
Aske og bein.
Aske og bein.
Svevnlaus går eg rundt omkring.
Leitar etter ljose ting.
Sjå deg med dei andre menner
riv som krokodilletenner.
Hektar på meg smil og lått.
Inni er den svarte natt.
Deg og dine nye venner
riv som krokodilletenner.
Alle er så himla fine.
Alle er så himla fine.
Eg er her aleine eg.
Vis du ein veg for meg.
Alle er så himla fine med deg.
Eg var ein gong òg fin med deg.
Me to stod og brann og skein.
Så blei alt aske og bein.
Aske og bein.
Aske og bein.
Aske og bein.
Alt ble aske og bein.
Aske og bein.
Aske og bein.
Aske og bein.