Det hev ei rosa sprunge
DP, PETER HOGNESTAD, ROLF U. LOVLAND
Det hev ei rosa sprunge
Ut av ei rot så grann
Som federne hev sunge
Av Jesse rot ho rann
Og var ein blome blid
Midt i den kalde vinter
Ved myrke middnattstid
Om denne roa eina
Er sagt Jesajas ord
Maria møy den rein
Bar rosa til vår jord
Og Herrens miskunnsmakt
Det store under gjorde
Som var i spådom sagt
Guds rosa ljuvleg angar
Og skin i jordlivs natt
Når hennar ljos oss fangar
Ho vert vår beste skatt
Me syng i englelag
No er det fødd ein Frelsar
Og natti vart til dag