Blåbær-Li

Edvard Grieg, Arne Garborg

Nei sjaa kor det blaaner her
No maa me roe oss Kyra
Aa nei slike fine Bær
Og dei som det berre kryr a'
Nei Maken eg hev kje sét
Sùmt godt her er daa til Fjells
No vil eg eta meg mett
Her vil eg vera til Kvelds

Men kom no den Bjønnen stor
Her fekk bli Rom aat oss baae
Eg torde kje seia eit Ord
Til slik ein røsjeleg Vaae
Eg sa berre ver so god
No maa du kje vera bljug
Eg læt deg so vel i Ro
Tak for deg etter din Hug

Men var det den Reven rau
So skuld' han faa smaka Staven
Eg skulde banke han daud
Um so han var Bror til Paven
Slikt skarve harmelegt Sleng
Han stèl baade Kje og Lam
Men endaa so fin han gjeng
Hev korkje Agg hell Skam

Men var det den stygge Skrubb
So arg og so hol som Futen
Eg tok meg ein Bjørkekubb
Og gav han ein god paa Snuten
Han reiv sund Sauir og Lam
For Mor mi so traadt og tidt
Ja sant um han berre kom
So skuld' han so visst faa sitt

Men var det den snilde Gut
Der burte fraa SkareBròte
Han fekk vel ein paa sin Trut
Men helst paa ein annan Maate
Aa Tøv kva tenkjer eg paa
Det lid nok paa Dagen alt
Eg maa til Buskapen sjaa
Ho Dokka drøymer um Salt

Canzoni più popolari di Edvard Grieg

Altri artisti di Classical Symphonic